Refsum kyrkje
Refsum kyrkje skal ha stått ved Refsum-gardane i Lillestrøm kommune i mellomalderen. Dette er like nord for Asak-gardane, mellom Knatten og Kløfta.
Kyrkja er omtala som «Rifseims kirkia» i jordeboka til biskop Eystein Aslaksson.[1] Jens Nilssøn omtalar «Ressen kirke» som øyde på slutten av 1500-talet.[2] Hos Jens Krafft[3] heiter det i 1840: «...hvor før Reformationen var et Capel, der i Slutningen af det sextende Aarhundrede anføres som øde.»
Kyrkja kan ha blitt lagd ned allereie før reformasjonen. Eit jorde ved Refsum søndre[4] er kalla Kirkejordet, men det finst ingen fysiske spor etter kyrkja i dag.
Kjelder
endre- Sigrid og Håkon Christie: Refsum, forsvunnet kirke i «Norges kirker»
- Blaker og Sørum historielag: De eldste kirkene i Sørum og Blaker Arkivert 2020-01-19 ved Wayback Machine.
Fotnotar
endre- ↑ Omtala for 1393 og 1400.
- ↑ Jens Nilssøns visitasskildring
- ↑ Jens Krafft: Topographisk-statistisk Beskrivelse over Kongeriget Norge. 1–3 1: Det søndenfjeldske Norge Smaalehnenes-, Agershuus-, Hedemarkens Amt, s. 228.
- ↑ Garden er avbilda i Digitalt museum.
Bakgrunnsstoff
endre- Refsum kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren