Jordebok
Ei jordebok er eit register over landeigedommar som er eigd av ein person eller ein institusjon - det vil seie eigedommane i eit jordegods. Jordebøker frå mellomalderen er ei viktig kjelde til kunnskap om gamle eigedomstilhøve, busettingssoge og tyding av stadnamn.
Norske jordebøker
endreI Noreg vart kyrkja gjennom mellomalderen den største jordeigaren. Kyrkjegodset var ikkje samla på ei eigarhand, det var mange kyrkjer og bispestolar som alle kunne eige jordegods. Derfor finst det heller ikkje nokon samla oversikt over eigdedomane som høyrde til kyrkja.
Dei viktigaste registra over kyrkjeeigedom i Noreg er
- Aslak Bolts jordebok (ca 1433)) med oversikt over eigedommar som høyrde til erkesetet i Nidaros, trykt utgåve 1852 og 1997 (Riksarkivet).
- Gautes jordebok frå 1491, ikkje fullført, trykt utgåve 1926 (Riksarkivet).
- Olav Engelbrektssons jordebok (1533) med oversikt over St. Olavs det vil seie erkebispestolens, jord over heile landet og kongens jord i Skogn, Verdalen, Frosta og Gauldalen, trykt utgåve 1926 (Riksarkivet).
- Jordebok for Nordmøre futedøme, Landkommisjonen, 1661. Trykt utgåve: Bruns bokhandels forlag, 1971.