Regjeringsleiar
Ein regjeringsleiar eller regjeringssjef er leiaren for regjeringa, den utøvande myndigheiten, i ein stat eller tilsvarande institusjon.
Ein regjeringsleiar kan ha forskjellige titlar. I nedanfor blir det lista opp ein del slike titlar i alfabetisk rekkefølgje, med døme i parentes:
- Forbundskanslar (Tyskland: Bundeskanzler)
- Formann i ministerrådet (Italia: Presidente del Consiglio dei Ministri)
- Fyrsteminister (Skottland: First minister)
- Guvernør (California: Governor)
- Ministerpresident (Sachsen: Ministerpräsident)
- Premierminister (Frankrike: Premier ministre)
- President (Mexico: Presidente)
- President i ministerrådet (Sovjet)
- Regjeringspresident (Spania: Presidente del Gobierno)
- Statsminister (Noreg)
- Taoiseach (Irland)
- Sjefminister (Guernsey: Chief minister)