Opna hovudmenyen

Regjeringsråd har i norsk statsskikk vore brukt i to ulike samanhengar.

1) Då prins Kristian Fredrik tok til som norsk regent oppnemnde han ved instruks av 2. mars 1814 eit råd. Dette fekk namnet regjeringsrådet, og medlemmane var regjeringsrådar. I Grunnlova blei Kongen sitt råd kalla statsråd, og medlemmane statsrådar. Det blei difor gjort namneendring frå og med 19. mai.

2) Frå 16. november 2001 blei tittelen regjeringsråd teken i bruk for embetet som departementsråd ved Statsministerens kontor. Regjeringsråden leiar den faste staben ved kontoret og har rådgjevingsoppgåver for statsministeren, og for regjeringa elles i spørsmål som gjeld dei andre statsmaktene og kongehuset.

Regjeringsråden er sekretær ved regjeringskonferansane og har ansvar – etter oppdrag frå statsministeren – for å vareta samordningsoppgåver for regjeringa. Til embetet er også lagt funksjonen som statsrådsekretær, som inneber ansvaret for førebuing og gjennomføring av Statsrådet sine saker.

Det er også oppretta eit embete som assisterende regjeringsråd.

KjeldeEndra