Reidar Jentoft Nilsen
Reidar Jentoft Nilsen (9. september 1947–9. januar 2022) var ein norsk fiskar som var leiar for Norges Fiskarlag 2001–2013 og lokalpolitikar for Arbeidarpartiet frå Hasvik i Finnmark.[1]
Reidar Jentoft Nilsen | |||
Fødd | 9. september 1947 | ||
---|---|---|---|
Død | 9. januar 2022 (74 år) | ||
Statsborgar av | Noreg |
Reidar Nilsen voks opp i Hasvik på Sørøya og drog til sjøs alt som 14-åring med skuleskipet «Gann». Han var utdanna styrmann frå Sjømannskolen i Tromsø og reiste i utanriksfart til han i 1970 vart skipper på eigen reketrålar.[2] Han var leiar av Norges Fiskarlag frå 2001 til 2013.[3] Nilsen var styremedlem i Finnmark Fiskarlag i ti år og formann i seks år. Han var også lokalpolitikar og medlem av Hasvik kommunestyre i fem periodar. Nilsen var leiar av pensjonistforeininga i Hasvik og var styremedlem i det lokale samfunnshuset.
Reidar Nilsen omkom i eit forlis på Finnmarkskysten søndag 9 januar 2022, saman med sonen Remi Nilsen. Dei var på veg frå Hasvik til Tanafjorden då fiskebåten deira «Peik» forliste utanfor Gamvik i Finnmark.[4][5][6][7][8]
Nilsen vart utnemnd til æresmedlem av Norges Fiskarlag i 2015.[5]
Fotnotar
endre- ↑ «Dødsannonse». Finnmark Dagblad. 29. april 2022.
- ↑ «Mangeårig fiskarlagsleder Reidar Nilsen antatt omkommet». lofot-tidende.no. 10. januar 2022.
- ↑ «Reidar Nilsen i forlis - en savnet, en omkommet». Norges Fiskarlag.
- ↑ «Tidligere fiskerlegsleder antatt omkommet]». NRK/Troms og Finnmark. 10. januar 2022.
- ↑ 5,0 5,1 «Tidligere fiskarlagsleder Reidar Nilsen forliste». VG. 10. januar 2022.
- ↑ Ole Magnus Rapp (14. januar 2022). «Fiskerhøvding omkom på havet - Reidar Nilsen 1947-2022». Klassekampen.
- ↑ «Til minne om Reidar Nilsen (1947-2022)». Fiskeribladet. 20. januar 2022.
- ↑ «Reidar Nilsen bekreftet omkommet». NRK/Troms og Finnmark. 22. april 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Reidar Nilsen (1947)» frå Wikipedia på bokmål, den 28. desember 2023.