Gamvik er eit fiskevær i Gamvik kommune, nordaust i Finnmark-området i Troms og Finnmark fylke. Staden ligg på den nordlegaste breiddegraden i Finnmark, «71 gradar nord», og ligg på nordkysten av Nordkinnhalvøya. I 2006 hadde han omtrent 200 innbyggjarar. Tradisjonelt har fiske vore hovudnæringa i Gamvik. Det siste fiskebruket blei lagt ned i 2008 etter ei rekkje oppstartar og nedleggingar dei siste 20 åra. Det blir i dag satsa mykje på turisme då verforholda gjer Gamvik til ein god stad for både havfiske og ferskvassfiske i Risfjordelva og Sandfjordelva.

Gamvik
stad
Gamvik 01.jpg
Gamvik
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Troms og Finnmark
Kommune Gamvik
Postnummer 9775 GAMVIK
Innbyggjarnamn gamviking

Gamvik
71°3′49″ N 28°14′48″ E

Slettnes fyr, verdas nordlegaste fastlandsfyr, ligg omtrent 4 km nord for Gamvik[1]. Ved Slettnes ligg også Slettnes naturreservat, som er ein viktig hekkeplass for mange fugleartar, og mellom anna har Noregs nest største tjuvjokoloni[2]. Vest for Slettnes ligg Steinvågen, der ein finn ein av Noregs best bevarte steinlabyrintar. I Gamvik ligg også Gamvik Museum[3].

Gamvik har eiga kyrkje og skule, og fekk også den første flystripa, Gamvik flyplass, i kommunen på 70-talet, men etter opninga av Mehamn flyplass har stripa berre blitt brukt i nødsfall. Gamvik fekk, saman med resten av Nordkinnhalvøya vegsamband med fastlandet då riksveg 888 opna på slutten av 80-talet.

KjelderEndra