Reinhard
mannsnamn
Reinhard eller Reinhart er mannsnamn, frå tysk Raginhart, samansett av 'råd, avgjerd' og 'hard'.
Reinhard har i Noreg namnedag 12. januar.
Bruken av namnet i Noreg
endreNamnet har vore noko bruka i Noreg, særleg på Vestlandet, men bruken av namnet har gått attende i løpet av 1900-talet.
- I folketeljinga frå 1801 var det 6 som hadde namnet i formene Reinard, Reinart, Reinhard, Reinhart
- I 1900 var 511 listeførte med namnet Reihnart, Reinard, Reinart, Reindhard, Reinhard, Reinhart, Rejnart, Rejnhard, Rejnhart, Renard, Renart, Renhard, Renhart, Renihard, Rennard, Rinhard, over halvparten av desse budde i Sogn og Fjordane.
- I 2008 hadde 25 menn Reinhart til første fornamn, 60 heiter Reinhard
Kjende namneberarar
endre- Reinhard Heydrich (1904–1942), tysk SS-offiser
- Nils-Reinhardt Christensen (1919–1990), norsk forfattar og regissør, kjend for høyrespela om Stompa
- Reinhard Selten (f 1930), tysk økonom
- Reinhardt Søbye (f 1956), norsk biletkunstnar
Kjelder
endre- Olav Veka: Namneboka, Det Norske Samlaget 1991
Bakgrunnsstoff
endre- Søk etter norsk namnestatistikk for Reinhard hjå Statistisk Sentralbyrå
- Folketeljingar i Digitalarkivet