Reinli er ei bygd i Sør-Aurdal kommune i Innlandet fylke. Bygda, som ligg 85 kilometer vest for Gjøvik, hadde 551 ibuarar i 1951. Inst i bygda ligg krinsen Stavedalen, som tidvis vert omtala som ei eiga bygd. Stavedalen og områda ved Søndre og Nordre Fjellstølen er i dag mykje utbygde hytteområde.

Reinli
stad
Reinli stavkyrkje
Foto: John Erling Blad
Land  Noreg
Kart
Reinli
60°49′52″N 9°29′20″E / 60.831°N 9.489°E / 60.831; 9.489
Wikimedia Commons: Reinli

Næringslivet omfattar jord- og skogbruk, trevarefabrikk, matbutikk, overnatting og hytteleige på Nordre Fjellstølen i turistsesongen.

Reinli har direkte vegsamband gjennom Europaveg 16 og Bagn og gjennom Fylkesveg 220 nordover langs vestsida av Begna gjennom Liagrenda til Sundvoll.

Reinli stavkyrkje ligg i bygda.

Kjelder

endre
  • Norsk Allkunnebok. IX. Bandet. 1959