Drivved

(Omdirigert frå Rekved)

Drivved eller rekved er trevirke som er skylt opp på stranda etter å ha drive rundt på havet.

Denne honbordbiten er behandla av havet, tørket og hange opp som veggkunst (Objet trouvé)
Drivtømmer ved Vardø i Finnmark.

I mindre velståande tider var slik ved ein verdifull ressurs for kystbuarar, både som fyringsved og byggemateriale. Trevirke som hadde lege ei stund i saltvatn, var gjerne meir motstandsdyktig mot råte på grunn av saltinnhaldet.

Rekved var i lange tider det einaste brukbar trevirket som fanst på Grønland, der det blei nytta til gjenstandar som elles ville vore vanskelege å laga, som årar og spantar til båtar. Også på Færøyane var rekved svært viktig, og blei hovudsakleg brukt som byggemateriale for bustadhus saman med stein og torv.

Kjelder

endre