Rembrandt Harmenszoon van Rijn (15. juli 16064. oktober 1669) var ein nederlandsk målar, teiknar og grafikar. Han blir rekna som ein av dei mest sentrale målarane i barokken og den viktigaste nederlandske målaren på 1600-talet. Ved sida av at han er kjent for dei mange måleria sine, var han òg ein særs dyktig teiknar og grafikar. Rembrandt levde og virka i ein periode som historikarar kallar den hollandske gullalderen, ein periode som stort sett var på 1600-talet. I denne perioden nådde kulturen, vitskapen, handelen, den militære styrken og dei politiske innverknadane i Nederland eit høgdepunkt.

Rembrandt

Statsborgarskap Dei sameinte Nederlanda
Fødd 15. juli 1606
Leiden
Død

4. oktober 1669 (63 år)
Amsterdam

Yrke kunstmålar, teiknar, grafikar, kunstsamlar, raderer, samlar
Sjanger portrettmåleri, religiøst maleri, mytologisk maleri, sjangermåleri, historiemåleri, sjølvportrett, landskapsmåleri, portrett, tronie, stilleben, vanitas, hunting still life, mythological art, winter landscape
Medlem av Amsterdams St. Lukaslaug
Religion kalvinisme
Far Harmen Gerritszoon van Rijn
Mor Neeltje Willemsdr. Zuytbrouck
Ektefelle Saskia av Uylenburgh
Born Titus van Rijn, Cornelia van Rijn
Signatur
Rembrandt på Commons
Rembrandt - sjølvportrett frå 1640
Rembrandt: Dr. Nicolaes Tulp si anatomiførelesing (1632)
Frans Hals: Regentane av hospitset for gamle menn i Haarlem

Verk i utval endre

  • Sjølvportrett (1629)
  • Doktor Tulp si anatomiførelesing (1632)
  • Krossnedtakinga (1634)
  • Danaë (1636)
  • Nattevakta (eigentleg Kaptein Banning Cocqs kompani eller Skyttargildet) (1642)
  • Nattverd i Emmaus (1648)
  • Mann med gullhjelm (1650)
  • Slakta okse (1655)
  • Bataverna si truskapseid (1661)
  • Claudius Civilis si eidsavlegging (1661)
  • De Staalmeesters (1662)
  • Jødebruda (1665)
  • Heimkomsten til den fortapte sonen (1668)

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Rembrandt
  Denne kunstartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.