Stemnemøte

(Omdirigert frå Rendezvous)

Stemnemøte er eit avtalt møte, særleg mellom kjærastepar eller dei som tenkjer på å bli det. Eit stemnemøte går gjerne ut på at ein kjem saman for å bli betre kjend eller bygga opp romantiske kjensler. Andre ord for stemnemøte er rendezvous (frå fransk, uttalt /rangdevu/) eller nyare date (frå engelsk, uttalt /dejt/).

Chez le père Lathuille av Edouard Manet.
Das erste Rendezvous av Manuel de Garay.
Paar in Schwarzwälder Bauernstube av Ludwig Vollmar (1842–1884).

Stemnemøte kan ha ulike funksjonar i ulike samfunn, men er ofte ein del av det å gjera kur. Ein invitasjon til eller ein avtale om eit slikt møte kan signalisera til partane eller samfunnet rundt at dei ser på kvarandre som moglege partnarar. Eit stemnemøte går gjerne ut på at ein møtest på tomannshand, men ofte med andre menneske i nærleiken, for å bli betre kjend eller bygga opp romantiske kjensler. Ein kan ha stemnemøte i ein heim eller på ein offentleg stad som kafé, restaurant, kino eller utandørs elles. Stemnemøte kan leia til kjærteikn, sex, fast forhold, forloving eller ekteskap, men treng ikkje gjera det.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.