Rennickbreen er ein vid isbre som er kring 300 km lang og ein av dei største i Antarktis. Han spring ut på polarplatået vest for Mesa Range og er 30 til 50 km brei, og ned mot 15 km brei nær kysten. Han har fått namn frå Rennick Bay, der breen når sjøen. Sjøsida av isbreen vart fotografert av U.S. Navy (USN) under Operasjon Highjump i 1946-47. Den øvre delen av Rennickbreen vart oppdaga og utforska av U.S. Victoria Land Traverse (VLT) i februar 1960. Den 10. februar 1960 evakuerte kapteinløytnant Robert L. Dale, pilot i U.S. Navy (USN) skvadron VX-6, VLT frå denne breen, og gjorde så ei flyfotorekognosering til Rennick Bay på kysten før dei vendte attende til basen i McMurdo med VLT-laget.

Rennickbreen
isbre
Land  Antarktis
Stad Victoria Land
 - koordinatar 75°30′S 160°45′E / 75.5°S 160.75°E / -75.5; 160.75
Lengd 300 km
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Rennickbreen
70°30′S 160°45′E / 70.5°S 160.75°E / -70.5; 160.75
Rennickbreen is located in Antarktis
Rennickbreen (Antarktis)

Sjå òg endre

Kjelder endre

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Rennick Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).