Republikken Gulating

Republikken Gulating, med referanse til det historiske Gulatinget, vart som eit stunt proklamert som ein sjølvstendig stat 4. juni 2005, på Kystfestivalen 61° Nord i Eivindvik, Gulen, Sogn og Fjordane. Samstundes vart også Øyvind Heitmann utnemnd til «stasminister» («pride minister») av lokalhistorikaren Magnor Midttun. Heitmann er drivkrafta bak Republikken Gulating.

Den fiktive republikken skulle vere eit område vest og sør i Kongeriket Noreg. Området omfatta fylka Hordaland, Sogn og Fjordane, Rogaland, Vest-Agder, Aust-Agder, og regionane Sunnmøre, Valdres og Hallingdal.

Republikken deltok på protestmarsj mot monstermaster i Hardanger 14. august 2010. Dette var første gong vestlandsflagget var i offentleg bruk utanfor Gulen.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre