Reserva ecológica El Ángel

eit verna naturområde i Carchiprovinsen i Nord-Ecuador

Reserva ecológica El Ángel (REEA) er eit verna naturområde som ligg i Carchiprovinsen i Nord-Ecuador. Området blei etablert 5. august 1992 med eit areal på 165,41 km². Området har vore eit ramsarområde sidan 2012.[1] Naturområdet har også vorte klassifisert som eit viktig fugleområde av BirdLife International saman med det nærliggjande Bosque Protector Golondrinas Forest Reserve.[2]

Reserva ecológica El Ángel
Land  Ecuador
Kart
Reserva ecológica El Ángel
0°45′19″N 77°54′19″W / 0.75513889°N 77.90522222°W / 0.75513889; -77.90522222
Wikimedia Commons: El Ángel Ecological Reserve

Reserva Ecológica El Ángel ligg ikkje langt frå den colombianske grensa i provinsen Carchi, 20 km vest-sørvest for provinshovudstaden Tulcán. Det verna området er i Cordillera Occidental. Kontinentalskillet går gjennom det verna området. I reservatet ligg vulkanen Chile (4218 moh.), Cerro Payurco og Cerro El Crespo. E182 Tulcán til Maldonado Highway går nord for reservatet.

Dei viktigaste førekomstane av planteartar i Espeletia i landet ligg i dette området.[2] Pattedyr i reservatet inkluderer pumaen (Puma concolor), raudspisshjort (Mazama americana), tofingerdovendyret Choloepus hoffmanni, kapusinarapa Cebus albifrons, andesrev (Lycalopex culpaeus), navlesvinarten Pecari tajacu og kvitnasebjørn Nasua narica.[2] Iaugefallande fugleartar i området inkluderer purpurtanagar (Iridosornis porphyrocephalus), omnfuglen stjernestammeløpar (Margarornis stellatus) og kolibriarten svartbuksedunfot (Eriocnemis derbyi).[2]

Kjelder

endre
Referansar
  1. «Reserva Ecológica El Ángel». Ministerio del Ambiente, Sistema Nacional de Áreas Protegidas del Ecuador. Henta 13. juni 2023. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Important Bird Areas factsheet: El Ángel - Cerro Golondrinas and surrounding areas». BirdLife International. Henta 13. juni 2023.