Puma
Puma
Puma
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av puma
Utbreiinga av puma
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Underorden: Feliformia
Familie: Kattefamilien Felidae
Underfamilie: Felinae
Slekt: Puma
Art: Puma P. concolor
Vitskapleg namn
Puma concolor

Pumaen (Puma concolor, tidlegare Felis concolor) er eit amerikansk kattedyr som høyrer med mellom dei mest tilpasningsdyktige pattedyra i verda. Sjølv om han liknar dei store kattedyra i storleik er han nærare i slekt med dei små kattane.

Skildring endre

 
Puma concolor coryi

Pumaen finst i mange fargevariantar, frå lys gråbrun til nesten heilt svart. Nyfødde ungar har mørke flekkar. Storleiken varierer òg, kroppslengda kan vera frå 100-195 cm og vekta 36-103 kg. Dette har å gjera med det store utbreiingsområdet, det finst ei ulike underartar som alle er tilpassa sine miljø.

Levevis endre

 
Ungpuma i snøen.
 
Andletet til ein puma.

Pumaen er ein einsam jeger som jaktar i kveldinga og tidleg om morgonen. I spesielt aude område (utan menneske) jagar dei òg på dagtid. Som hjå dei fleste andre kattedyr er jakten basert på sniking, men den kan òg sprinta over korte avstandar. Dei et mykje hjort, men dei aller fleste pattedyr står på menyen.

Dyret hevdar store revir, der dei ulike kjønna sine kan overlappa. Dette fører til at hannen får oversikt over når hoa er i brunst. Då dannar dei par og lever saman i to veker. Kullet er på 2-6 ungar og vert fødd i bortgjemte hi fora med mose og lyng. Dei vert verande med mora i om lag to år.

Kjelder endre

  • Vår fantastiske verden, Skandinavisk presse AS 1990

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Puma