Autoritet

asymmetrisk maktforhold i eit sosialt hierarki

Autoritet er ei form for makt som vert respektert av dei som er underordna denne makta. Max Weber definerte autoritet som makt som vert akseptert som legitim og rettkommen både av makthavarane og dei makteslause. Han skilde òg mellom tre former for autoritet (tysk Herrschaft):

  • Tradisjonell autoritet som vert legitimert av veletablerte tradisjonar og sosiale strukturar. Eit døme er autoriteten til kongelege og geistlege.
  • Karismatisk autoritet som vert legitimert av den usedvanlege innsikta til ein person og evna han eller ho har til å skapa lojalitet og lydnad bland dei underordna. Slik autoritet finn me ofte bland profetar eller politikarar, som Jesus, Gandhi, Lenin, Luther, Hitler og Lech Walesa.
  • Legalt-rasjonell autoritet som vert legitimert gjennom formelle lover og reglar. Moderne samfunn vert prega av denne forma for autoritet.

Autoritet kan vere både positivt og negativt. Å vere autoritær er derimot eit eintydig negativt ladd omgrep, og inneber manglande demokrati og fridom.