Restaurant

(Omdirigert frå Restaurantar)

Restaurant er avleda av det latinske verbet restauro, som tyder å reparere. Ein resturatør jobba med å stille svolten.

Ein restaurant i New York
Interiør i restauranten Auberge du Pont de Collonges, eigd av den franske meisterkokken Paul Bocuse. Fotografi frå 2013.

Restaurant vert nytta om større og finare etestadar med eit breitt utval av varme og kalde matretter og drikkevarer kor gjestane vert betjent av kelnerar/servitørar. Ein kafé har gjerne enklare meny enn det som finst på ein restaurant, men ordet kan også nyttast om mindre restaurantar.

Mange restaurantar har eit tema basert på maten dei serverer. Dette kan vere frå eit land som t.d. fransk, italiensk, thailandsk eller indisk, eller innan ei matgruppe som t.d. fisk eller vegetar.

Gode restaurantar kan få anerkjenning gjennom Michelinguiden, kor etablissementet kan få tildelt opp til tre stjerner etter at Michelin sine inspektørar har vore på uanmeldt inspeksjon. I Noreg er det 4 restaurantar som har fått stjerner.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Restaurant