Restauranten Under

Under er ein restaurant på Båly i Lindesnes kommune. Han er blitt kjend på grunn av bygninga, som delvis er under sjøoverflata. Dette gjer den til den fyrste undersjøiske restauranten i Europa. Bygninga er teikna av Snøhetta. Kjøkenet blir styrt av danske Nicolai Ellitsgaard. Restauranten opna 20. mars 2019 og hadde per mars 2019 fått inn over 7500 bordbestillingar.[1]

Restauranten Under

ArkitektSnøhetta AS
Kart
Under
58°02′27″N 7°09′16″E / 58.040805555556°N 7.1543055555556°E / 58.040805555556; 7.1543055555556

Under blei tildelt utmerkinga Betongtavlen for 2019. I 2020 fekk restauranten ei stjerne i Michelinguiden,[2][3] og dei fekk ei på nytt i 2021.[4]

Det er to andre undersjøiske restaurantar i verda, i Dubai og på Maldivane.[1]

Prisar

endre

Under fekk mykje merksemd i tida før og etter opninga. I 2019 fekk restauranten Betongtavlen, ein pris for miljømessig, estetisk og teknisk framifrå bruk av betong.[5] Bygget vann også "Wallpaper Design Award for Best New Restaurant".[6] I januar 2020 fekk bygget DOGA heidersmerket for 2020.[7]

Galleri

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Sællmann, Siv Kristin (20. mars 2019). «Enorm oppmerksomhet rundt restauranten «Under»». NRK (på norsk bokmål). Henta 27. mars 2019. 
  2. To stjerner til Stavanger-restaurant. nrk.no. Besøkt 17. februar 2020
  3. «Michelin Guide 2020: Stars & Awards Announced». Michelin Guide (på engelsk). 17. februar 2020. 
  4. «Michelin Nordic Guide 2021: Disse restaurantene får stjerner». e24.no (på norsk bokmål). Henta 14. september 2021. 
  5. «Betongtavlen». Norsk Betongforening. 
  6. Magazine, Wallpaper* (6. januar 2020). «Under wins Wallpaper* Design Award for Best New Restaurant». Wallpaper*. 
  7. «Årets aller beste design- og arkitekturprosjekter». Design og arkitektur Norge (på norsk). 22. januar 2020. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Restauranten Under