Rettsfilosofi, òg kalla allmenn rettsteori eller allmenn rettslære, er eit svært breitt og tverrfagleg område, og rommar både ei rekkje ulike tema og ulike tradisjonar. Utgangspunktet til rettsfilosofien er grunnspørsmålet til jussen. Det har nær samanheng med alminneleg filosofi og politisk filosofi. Rettsfilosofi tek føre seg analyseringa av juridiske omgrep som rettsregel, rett og gjeldande rett, kva rettferd inneber og forståinga av normer.

Rettsfilosofi som fag står vesentleg nærare filosofi enn rettsvitskap; rettsfilosofar er ofte utdanna som juristar eller filosofar, men kan òg ha bakgrunn i andre fag som til dømes sosiologi (som står nær filosofi i den kontinentale tradisjonen).

Ei rettsfilosofisk tilnærming til eit juridisk spørsmål kan vera av etisk art. Ein kan trekkja fram apartheid i Sør-Afrika som eit døme. Raseskiljet var ein integrert del av det sørafrikanske samfunnet, og forbodet mot giftermål og andre typar samkvem mellom svarte og kvite var fastsett ved lov. Raseskiljet var ein del av rettssystemet og burde difor vera «rett». Moralske og politiske innvendingar fekk likevel mange til å nekta for at det sørafrikanske raseskiljet kunne vera «rett» sjølv om raseskiljet var basert på gilde lovvedtak av den sørafrikanske nasjonalforsamlinga.

Innan rettsfilosofi er kritisk rettsteori og feministisk rettsteori døme på ulike retningar.

Kjelder endre

Litteratur endre

  • Torstein Eckhoff & Nils Kristian Sundby. Rettssystemer - Systemteoretisk innføring i rettsfilosofien. (2. utg. 1991).
  • Svein Eng. Rettsfilosofi. 2007. ISBN 9788215011769
      Denne filosofiartikkelen som har med jus å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.