Rettskrivinga av 2005

Rettskrivinga av 2005 er den gjeldande rettskrivinga for bokmål. Ho var det endelege brotet med samnorsktanken og tydde fyrst og fremst at norma vart retta etter slik målet faktisk vart nytta. Det tydde i nokon mon at bokmålsnorma tok opp att riksmålsformer som vart tekne ut i tidlegare reformer og at somme nynorskformer som aldri slo rot vart tekne ut att. Norsk språkråd vedtok reforma i 2003 og i 2005 godkjende Kultur- og kyrkjedepartementet (med nokre unnatak) framlegget. Reforma vart gjeldande frå 1. juli 2005.

Opphavleg la Norsk språkråd òg fram eit framlegg til ny nynorskrettskriving, men nynorskframlegget vart ikkje godkjent av departementet. Einskilde vedtak som galdt båe måla, om mellom anna normering av nye ord, vart gjeldande òg for nynorsken jamvel om framlegget elles ikkje vart godteke.

Bakgrunn

endre

I den siste helvta av 90-åra gjekk Norsk språkråd gjennom rettskrivingsnormene i bokmål og nynorsk, og dette arbeidet leidde fram til at framlegg til nye rettskrivingsreglar vart lagde fram for årsmøtet i rådet i 2000. I bokmålsframlegget var systemet med hovud- og sideformer lagt bort, medan det vart halde på i nynorskframlegget. Kyrkje- og kulturdepartementet godkjende ikkje framlegga, men bad om omarbeidde framlegg og spela inn visse spørsmål. Mellom anna spurde departementet om bokmålet kunne taka opp att somme tradisjonelle former som var mykje nytta og om nynorskrettskrivinga òg kunne gjera seg av med systemet med hovud- og sideformer. Dessutan bad det rådet om å laga framlegg som kunne halda seg lenge.

Bokmål

endre

Einskilde former

endre

I bokmålet vart somme av dei typiske riksmålsformene (t.d. hverken, bygget (av bygge), fingre og syv) tillatne att i bokmålet. Andre, mellom desse dei tidlegare «signalorda» nu, efter og sprog, vart ikkje godtekne. Frå tidlegare rettskrivingsreformer hadde ei rad ord ei tradisjonell form og ei radikal form (oftast sams med nynorsken), der den radikale forma var særs lite nytta i litteraturen. Mange av desse vart strokne frå norma for å gjera henne fastare, t.d. gjekk, flaum, fekk, dauv, fann, i hel, kjerke, nase, ner, raud, rekning, stamn, veke og vitskap.

Formene tyve og tredve attåt tjue og tretti låg inne i framlegget frå Norsk språkråd, men vart ikkje godkjende av departementet. Det same galdt òg framlegget om å gjera m.a. kapittelet til eineform – departementet vedtok at òg den samandregne forma kapitlet skulle vera godkjend.

Systematiske brigde

endre

Systemet med hovud- og sideformer vart kasta, og med det rauk som hovudregel sideformene ut or norma (somme vart i staden oppgraderte til hovudformer, m.a. skau attåt skog). Dette galdt mellom anna kløyvd infinitiv, som vert nytta i austlandske og midlandske målføre, pronomenet ho og spørjeord som korfor og åffer. Somme sideformer vart i staden oppgraderte til hovudformer heller enn å gå ut. Mellom anna fekk alle hokjønnsord full jamstilling mellom -a og -en i bunde eintal og sameleis alle inkjekjønnsord mellom -a og -ene i bunde fleirtal, soleis at dei tidlegare sideformene jenten, kuen, milen og barnene vart ståande som hovudformer attåt jenta, kua, mila og barna. Substantiv med avleiingsendinga -ning var fram til 2005 hankjønnsord, men kunne med den nye reforma verta bøygde som hokjønn. Fleirtalsformer på -erer gjekk ut. Sterke verb der det tidlegare var valfridom mellom -au- og -ø- i fortid fekk no valfridom mellom -øy- og -ø- i staden, til dømes skøyt eller skjøt av skyte, mot tidlegare skaut eller skjøt. For dei linne verba gjekk nokre fortidsformer på -a, -de og -dde ut, til dømes greidde for greide (av greie), medan for andre kom -et inn (i 25 av 90 høve òg med -a attåt). Verb utan infinitivsending og med utgang på vokal skulle berre ha passivform på -s, ikkje -es, soleis gis og tas (det vart gjort unnatak for sies og se(e)s).

Nynorsk

endre

I arbeidet med nynorskrettskrivinga var det gjort framlegg frå departementet om å gjera seg av med systemet med hovud- og sideformer òg i nynorsken, men fleirtalet av svara til ei høyring i 2002 ynskte å halda på det. Framlegget frå Norsk språkråd til ny nynorskrettskriving vart ikkje godteke av departementet, som meinte det «ikkje er avklarande nok til at det i denne omgangen er tilrådeleg å skipla den stabiliteten som gjeldande rettskriving trass alt representerer». Punktet om å halda på systemet med hovud- og sideformer vart drege fram.[1] For nynorsk tyder rettskrivingsreforma difor nye nemningar og skrivemåtar for ein del geografiske namn, mynteiningar og importord frå engelsk. Fleire gonger har det vore freistnader på å setja i gang arbeidet med ei ny norm for nynorsken, men det var fyrst seint i 2009 at arbeidet verkeleg kom i gang. Arbeidet leidde fram til eit framlegg som vart godkjent av departementet i 2011, og den nye rettskrivinga vart gjeldande frå 1. august 2012.

Kjelder

endre
  1. Stein Sægrov; Ingvar Engen (16.02.2005). «Spørsmålet om godkjenning av endringar i bokmåls- og nynorskrettskrivinga» (PDF). sprakradet.no/Det kongelege kyrkje- og kulturdepartementet. 

Bakgrunnsstoff

endre