Opna hovudmenyen

Rettskrivinga av 2012 for nynorsk gjeld frå 1. august 2012. Det er gjort greie for prinsippa i innstillinga frå rettskrivingsnemnda for nynorsk.[1] Endringane er også innarbeidde i nynorskordboka på nett.

BakgrunnEndra

Hovudmålet var «å laga ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer». Dette hovudmålet gjekk Språkrådet seinare bort ifrå, noko som kjem fram i sakspapira til styremøtet i Språkrådet 20. mai 2011 og i grunngjevinga for «tilrådd norm», der det heiter at «[n]ynorskrettskrivinga blir verande vid» og at «[s]om skriftspråk er ikkje nynorsk tent med så vilkårleg utføring. Det vil ikkje vere heldig at det veks fram ein stor underskog av husnormer som ikkje er synlege eller tilgjengelege for omverda.» [2]

Det samla talet på valformer av ord i ordboka går ned med den nye rettskrivinga, medan talet på valformer av ord i vanleg bruk aukar sterkt. Ny rettskriving er fyrst og fremst ei borttaking av ord og former som sjeldan er i bruk.[3] I tillegg fell skiljet mellom side- og hovudformer bort.

Etter at bokmål fekk ny rettskriving i 2005 starta Språkrådet og Kulturdepartementet arbeidet med ny rettskriving for nynorsk. Etter at departementet gav klårsignal, byrja Språkrådet planlegginga i november 2009[4] Etter ein open prosess og etterfølgjande høyring, vart framlegg til ny rettskrivingform lagt fram 1. april 2011.[5] Framlegget introduserer pronomenet dokker i nemneform og oblik form av 2. person fleirtal og eigedomspronomenet dokkar, ved sida av dei tradisjonelle formene de - dykk - dykkar. Samtidig går den oblike forma honom og eigedomspronomena [hennes] og [deires] ut av rettskrivinga. Elles vert det lagt opp til å tillata meir systemrett bruk av fleirtal på -ar/-ane i hankjønnsord og -er/-ene i hokjønnsord enn det som finst i dei fleste norske dialektane, og skiljet mellom sterke og svake hokjønnsord vert borte.

Dei viktigaste endringaneEndra

Dei viktigaste endringane er presenterte i dokumentet «Ny rettskriving for 2000-talet : Innstilling til rettskriving for det nynorske skriftmålet».[6] Vedtaket inneber at skiljet mellom hovudformer og sideformer vert borte.

LydverketEndra

  • Vokalar: Sideformer som «tropp» for «trapp» og «sæter» for «seter» går ut or rettskrivinga. Framfor -m, -st og -r vert former med diftong oftast vere eineformer: «flaum», «røyst», «køyre».
  • Konsonantar: Verb og svake hokjønnsord med stammeutgang på «g» eller «k» får valfri «j»: «Brygge» eller «bryggje». Preposisjonar som utanfor og austanfor må skrivast med «-n».

FormverketEndra

  • Substantiv:
    • Dei sterke supinumformene på «-i» (har skrivi) går ut or rettskrivinga. «-i» går òg ut som bøyingsending for hokjønnsord (soli) og inkjekjønnsord (dyri).
    • Dei aller fleste hankjønnsord kan bøyast med -ar, -ane i fleirtal – også gjestar, bunadar og villaar, desse ved sidan av gjester, bunader og villaer.
    • Alle hokjønnsord unntatt dei som endar på -ing kan bøyast med -er, -ene i fleirtal – også elver, myrer og helger - desse ved sidan av elvar, myrar og helgar.
  • Pronomen: Sideformene «honom», «deires» og «hennes» går ut or rettskrivinga. I 2. person fleirtal kjem forma «dokker» inn ved sida av «de-dykk» og forma «dokkar» inn ved sida av «dykkar».
  • Verb:
    • Infinitiv kan enda på «-a», «-e» eller etter reglane om kløyvd infinitiv.
    • Preteritum av svake verb kan enda på «-a», «-dde», «-de» eller «-te», bøyingklasse 2 får noko strammare reglar enn før:
      • Verb med diftongen øy i rota får -de, som «kløyvde».
      • Verb med stammeutgang på konsonantgruppene -gl, -gn, -mn, -rd, -ld, -nd og -ng får -de, som «nemnde, sende, hengde».
      • Verb med stammeutgang på -m(m) og -enn får valfritt -de eller -te, som «bestemde»/«bestemte».
      • Verb med stammeutgang på vokal + -n får -te, som «minte».
      • Felles for alle desse verba er at dei får -t i supinum, også når preteritum har -de, som «kløyvt, nemnt, sendt, hengt, bestemt».
    • Samsvarsbøying av sterke verb vert obligatorisk, av svake verb vert samsvarsbøying valfritt.

OrdtilfangetEndra

  • Nye ordformer:
    • Ordtilfanget i seg sjølv var ikkje tema for revisjonen. Nokre nye oppslagsord, som t.d. «ankel», «å svømme» og «trakt», vert eigne oppslagsord ved sida av «okle», «å symje» og «trekt».

Kritikk av rettskrivingaEndra

2012-rettskrivinga og arbeidet til rettskrivingsnemnda har fått sterk kritikk frå ulike hald for det faglege innhaldet, mellom anna frå, men ikkje berre, Ullensvang Mållag, Voss Mållag, Ivar Aasen-sambandet, Norskt Måldyrkingslag og Leikanger Mållag.[3][7][8][9][10][11][12][13]

Den sterkaste kritikken mot den nye rettskrivinga er at nemnda ikkje har halde seg til det opphavlege mandatet om å laga «ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk utan sideformer», men i staden er den store valfridomen i nynorsk ført vidare og i mange høve utvida. Rett nok er sideformene tekne vekk, men berre for å verta tillatne på lik line med dei opphavlege hovudformene. Det vert såleis ikkje noko lettare å lære seg nynorsk for nynorskelevar som ikkje har so mykje anna nynorsk tekst å stø seg på (majoriteten av bokmålselevane).

Vidare vert det peikt på at norma ligg nærare bokmålet, langt dei fleste av dei nye formene er identiske med dei i bokmålet. Bokmålet er ein viktig premissleverandør for desse nye formene. Når dei vanlegaste feila folk gjer er at dei blandar inn språkdrag frå bokmål, vil denne tilnærminga berre auka problemet med å skilja dei to skriftspråka frå kvarandre.

KjelderEndra