Revolution Blues
Song av Neil Young
frå albumet On the Beach
Språk engelsk
Utgjeve 16. juli 1974
Innspelt 30. november 1973 til 7. april 1974 Arrow Ranch, Woodside i California; Sunset Sound Recorders i Hollywood
Sjanger Rock
Lengd 4:03
Selskap Reprise
Komponist Neil Young
Tekstforfattar Neil Young
Låtskrivar(ar) Neil Young
Produsent Mark Harman

«Revolution Blues» er ein song av Neil Young frå albumet On the Beach i 1974. Songen var inspirert av seriemordaren Charles Manson.

Well, I hear that Laurel Canyon is full of famous stars,
But I hate them worse than lepers and I'll kill them in their cars.

Neil Young (1974)

Young viser til ein væpna kult i Laurel Canyon i Los Angeles, og kan uttrykka ei viss forståing for Manson-familien.[1] Som mange av musikarane frå denne generasjonen, hevdar Young å ha møtt Manson og funne han «mystisk tiltrekkande».[1] I følgje forfattaren av boka David Downing i boka A Dreamer of Pictures: Neil Young, A Man and His Music, var Young passeleg imponert over dei musikalske eigenskapane til Manson, men ikkje nok til at han hjelpte han inn i platebransjen.[1] Interessant nok kunne Young sjølv ha vore den typen kjendis som Manson kunne ha hatt som mål.[1] Songen uttrykker ideen om at alle har ei god og ei dårleg side i oss, og at einkvar person like gjerne kunne vore ein drapsmann som eit offer.[1]

Young spelte ofte songen akustisk på konsertane sine. David Crosby, som song korvokal på den innspelte versjonen, samanlikna Young som spelte det mørke nummeret på ein Crosby, Stills, Nash & Young-turne med «ei vorte på det perfekte udyret».[1]

Kjelder endre