Rhabdofan
Rhabdofan er eit kvitt til brunleg mineral. Det vert danna sekundært etter mineral som inneheld lantanoidar. Det er eit vasshaldig fosfat, hovudsakleg av cerium-jordartar, med formel (Ce,La)PO4·H2O. I Noreg er det kjent frå granittpegmatittar i Iveland og ved Halden.
Kjelder
endre- Rhabdofan. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/rhabdofan.