Splügenpasset er ein fjellovergang på 2113 meter over havet, mellom den sveitsiske dalen Rheinwald i kantonen Graubünden og den italienske dalen Valchiavenna i regionen Lombardia. Landsbyen Splügen ligg på nordsida, 6 km unna, og har gitt namn til passet. Fjellovergangen er enkel å nå frå nordsida, der det stig jamnt ei 600 høgdemeter frå Splügen og fram til passhøgda. På sørsida er det bratt ned den øvste delen. Høgdeforskjellen mellom Chiavenna, som ligg 30 km sør for passet, og passhøgda er 1 800 m.

Oppstigninga til Splügenpasset frå den sveitsiske sida

Soge endre

Passet har vore kjent frå romartida. Kløvveg for pakkhestar og -muldyr vart opparbeidd på 1200-talet. Transport av varer over Splügenpasset var ei viktig inntektskjelde for folk både i Rheinwald og i Valchiavenna. Splügenpasset var lenge mindre brukt enn Settimopasset. Dette endra seg då Viamala, eit til då uframkomeleg juv ved inngangen til Hinterrheindalen vart opna. Ruta via Schams, Hinterrhein og Splügenpasset vart då greiare enn ruta via Churwalden og Settimopasset. Passtaten Graubünden kontrollerte Splügenpasset i lang tid ved å gjere Valchiavenna på sørsida til ein vasallstat (Untertanenland). Dette varte til 1797.

Den første passvegen vart bygt mellom 1818 og 1823. Dermed var vegen over Splügenpasset Sveits sin andre passveg gjennom Alpane, nest etter Simplonpasset. I dei fylgjande tiåra var Splügenpasset eit av dei mest trafikkerte alpepassa. Etter opninga av jarnbanestrekningane over Brennerpasset i 1867, under Mont Cenis-passet i 1872 og under Sankt Gotthard-passet i 1882, spela Splügenpasset ei mindre rolle som ferdselsåre.

Kjelde endre