Hinterrhein (Bakre Rhinen) er ei av to kjeldeelvar til Rhinen i kantonen Graubünden i Sveits, som renn frå landsbyen Hinterrhein nær San Bernardino-passet gjennom Rheinwalddalen til kløfta Roflaschlucht. I denne kløfta mottar ho den like store Averser Rhinen, som kjem frå Aversdalen i Italia. Etter Roflaschlucht vidar dalen seg ut og vert kalla Schams. Hinterrhein når så Andeer, før ho passerer ei ny kløft, Viamala like før Thusis. Ei anna sideelv, med noko større vassføring, munnar ut i Hinterrhein som Albula, og kjem frå Albulapasset via eit dalsystem som ofte berre vert kalla Davos. Etter å ha runne til Rothenbrunnen gjennom dalen Domleschg renn elva over flodsletta Isla Bella nær Rhäzüns, før ho renn saman med Vorderrhein ved Reichenau.

Hinterrhein
elv
Hinterrhein sørvest for Splügen.
Land  Sveits,  Italia
Tilløp
 •  høgre Averser Rhinen i Albula
Nedslagsfelt 1 693 km²
Lengd 64 km
Vassføring
 •  middel 59,6 /s
Kjelde Landsbyen Hinterrhein
 - koordinatar 46°29′55″N 9°3′45″E / 46.49861°N 9.06250°E / 46.49861; 9.06250
Samløp Vorderrhein
Munning Rhinen
 - koordinatar 46°49′24″N 9°24′28″E / 46.82333°N 9.40778°E / 46.82333; 9.40778
Kart
Hinterrhein
46°49′15″N 9°24′16″E / 46.820778°N 9.4045°E / 46.820778; 9.4045
Wikimedia Commons: Hinterrhein

Kjelder

endre