Rhys Ifans
britisk skodespelar
Rhys Ifans (fødd 22. juli 1967) er ein walisisk skodespelar og musikar.
Rhys Ifans | |
![]() | |
Fødd | 22. juli 1967 (54 år) |
---|---|
Fødestad | Haverfordwest |
Aktive år | 1990– |
Verka som | teaterskodespelar, filmskodespelar, skodespelar, fjernsynsskodespelar |
Sambuar | Anna Friel, Sienna Miller |
Ifas er fødd i [[Pembrokeshire] ]i Wales. Han spelte i mange walisiske fjernsynsprogram før han starta på sin filmkarriere i London. Han opptredde på Royal National Theatre i London og på Royal Exchange Theatre i Manchester. Han var ei kort tid vokalist i rockebandet Super Furry Animals før dei fekk sin nasjonale suksess i Storbritannia.
Ifans er kjend for roller som Spike i Notting Hill og Jed Parry i Enduring Love og som medlem i dei walisiske rockebanda Super Furry Animals og The Peth. Ifans har òg spelt Xenophilius Lunekjær i Harry Potter og Dødstalismanene Del 1 og som Dr. Curt Connors/The Lizard i The Amazing Spider-Man.
FilmografiEndra
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Rhys Ifans» frå Wikipedia på engelsk, den 12. juni 2012.