Ricardo Villa
Ricardo Julio Villa (fødd 18. august 1952) er ein argentinsk tidlegare fotballspelar frå småbyen Roque Pérez i Buenos Aires-provinsen. Han vart verdsmeister med Argentina sitt landslag under VM i fotball 1978.
Ricardo Villa | |
Statsborgarskap | Argentina |
Fødd | 18. august 1952 (72 år) Roque Pérez |
Idrett | fotball |
Tok del i | VM i fotball 1978 |
Karriere
endreKlubbspel
endreFrå 1970 var Villa aktiv i fire ulike fotballklubbar i heimlandet, periodane 1974-76 for Atlético de Tucumán og 1976-78 Racing Club i Buenos Aires. Etter Fotball-VM 1978 tok Tottenham-trenaren Keith Burkinshaw kontakt og saman med landsmannen Osvaldo Ardiles vart han overført til London-klubben. Villa vert særleg hugsa for sin innsats i FA-cupfinalen 1981, der han fyrst gav Tottenham leiinga, for så å verte matchvinnar i kampen mot Manchester City med ei skåring der han dribla av fire City-spelarar, og så plassere ballen i mål under ei utrusande målvakt. Skåringa vart i 2001 kåra til det 20. hundreårets Wembley-mål. Han fekk ikkje delta i FA-cupfinalen 1982, då Storbritannia låg i krig med Argentina, den såkalla Falklandskrigen. Etter 1982 spelte Villa spilte vidare i Argentina, Colombia og USA før han avslutta i argentinsk fotball med Defensa y Justicia.
Landslagsspel
endreVilla aksla den argentinske landslagsdrakta 17 gongar i tida 1975-78, skåra eitt landslagmål. Under verdsmeisterskapen 1978 i heimlandet var han innbyttar i to kampar, ei turnering som enda med triumf for Argentinas lag.
Merittar
endre- Verdsmeister: 1978 med Argentina
- Vinnar av FA-cupen: 1981 med Tottenham Hotspur
- Finalist i den engelske ligacupen: 1982 med Tottenham Hotspur
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ricardo Villa» frå Wikipedia på engelsk, den 12. april 2022.