Osvaldo Ardiles
Osvaldo Ardiles (fødd 3. august 1952) er ein argentinsk tidlegare fotballspelar og -trenar frå Córdoba i Argentina. Han vart verdsmeister med Argentina i 1978. Ardiles vert hugsa som ein framifrå midtbanespelar med eit særeige blikk for spelet og ein sikker pasningsfot.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Osvaldo César Ardiles | ||
Fødd | 3. august 1952 (72 år) | ||
Fødestad | Córdoba | ||
Posisjon | Midtbanespelar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1973 1974 1975-1978 1978-1988 1982-1983 1985 1988 1988-1989 1989 1989-1991 |
Instituto Córdoba Belgrano Huracán Tottenham Hotspur Paris Saint-Germain St George Saints Blackburn Rovers Queens Park Rangers Fort Lauderdale Strikers Swindon Town | ||
Landslag | |||
1975-1982 | Argentina | 51 (8) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Spelar
endreKlubbspel
endreArdiles spelte frå 1972 til -74 på IAC Córdoba, eit lag i heimbyen. Etter eit år med CA Belgrano gjekk turen i 1975 til CA Huracán. Etter fotball-VM i 1978 vart Ardiles og landsmannen Ricardo Villa overført til engelske Tottenham Hotspur, som same året hadde rykt opp i 1. divisjon. Dei komande sesongane hadde London-laget nokre av dei beste midtbanespelarane i engelsk fotball, med Ardiles og Glenn Hoddle i særklasse. Med Tottenham Hotspur var Ardiles med om å vinne FA-cupen 1981 og 1982. Falklandskrigen førte til at Tottenham haustsesongen 1982 lånte argentinaren Ardiles ut til Paris Saint-Germain. Frå januar 1983 var han i tilbake i Tottenham og på plass då laget vann UEFA-cupen 1984 gjennom finalesiger over belgiske RSC Anderlecht. Ardiles spelte 311 kampar og skåra 25 mål for Tottenham. Åra frå mars 1988 til han la opp våren 1991, gjorde Ardiles etter tur teneste i Blackburn Rovers, Queens Park Rangers, Fort Lauderdale Strikers og Swindon Town.
Landslagsspel
endreArdiles imponerte stort under VM i fotball 1978. Med briljant pasningsspel var han ein av dei fremste bak arrangørlandets triumf i meisterskapen på heimebaner. Saman med karar som Mario Kempes og kapteinen Daniel Passarella bidrog han mykje til at Argentina vann over Nederland med 3–1 i finalen i Buenos Aires. Korkje Ardiles eller Argentina lukkast sette sitt preg på VM i fotball 1982 i Spania, trass i at også Diego Maradona var komen med i laget. Ardiles spelte 63 landskampar for Argentina og skåra 8 mål.
Merittar
endre- Verdsmeister: 1978 for Argentina
- Vinnar av UEFA-cupen: 1984 med Tottenham Hotspur
- Vinnar av FA-cupen: 1981 og 1982 med Tottenham Hotspur
- Finalist i den engelske ligacupen: 1982 med Tottenham Hotspur
- Finalist i FA-cupen: 1987 med Tottenham Hotspur
- Tredjeplass i den engelske ligaen: 1987 med Tottenham Hotspur
Trenar
endreEtter han la opp som aktiv i 1991 var Ardiles sjefstrenar i ei rekke av lag i England, Argentina og [Japan]]. Størst suksess hadde han med Shimizu S-Pulse som i 1996 vann den japanske ligacupen og med Tokyo Verdy som vart japansk cupmeister i 2004.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Osvaldo Ardiles» frå Wikipedia på engelsk, den 8. juli 2024.