Riccardo Ferri

italiensk fotballspelar

Riccardo Ferri (fødd 20. august 1963) er ein italiensk tidlegare fotballspelar frå Crema. Han var midtstoppar på Inter-lag som vann både Serie A og UEFA-cupen.

Riccardo Ferri
Statsborgarskap Italia
Fødd 20. august 1963 (61 år)
Crema
Idrett fotball
Tok del i VM i fotball 1990, Sommar-OL 1984, EM i fotball 1988
Utmerkingar ridder av Republikken Italias fortjenstorden

Karriere

endre

Klubbspel

endre

Ferri debuterte på Inter Milan i oktober 1981 og var Inter-spelar i 13 sesongar- Han var med om å vinne Serie A i 1989 og UEFA-cupen 1991, så vel som UEFA-cupen 1994. Etter den siste triumfen vart han overført til Sampdoria, der han var aktiv til 1996.

Landslagsspel

endre

Ferri deltok i tida 1986 til 1992 i 45 av det italienske landslaget sine kampar, skåra i alt 4 mål. Både under europameiskapen 1988 og verdsmeisterskapen 1990 gjekk Italia og Ferri på tap i semifinalen, i den siste turneringa etter straffesparktevling. På heimebane i 1990 berga Italia bronsemedaljen med siger 2-1 over England, ein kamp der Ferri var innbytar. Fire av hans landskampar var mot Noreg, desse enda 0-0, 2-1, 1-2 og 1-1.

Kjelder

endre