Riccione
kommune i Italia
Riccione er ein by og ein kommune i provinsen Rimini i regionen Emilia-Romagna i Italia. Byen ligg ved Adriahavet, åtte kilometer søraust for provinshovudstaden Rimini. Kommunen har i kring 36 000 ibuarar og eit areal på 17 km².
Sidan 1930-åra har Riccione vore eit mykje nytta reisemål i sommarmånadene. Ei seks kilometer lang badestrand var sentral for framveksten av turismen i Riccione.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Riccione» frå Wikipedia på engelsk, den 20. juli 2013.