Richard Grenell

Richard Allen Grenell (fødd 18. september 1966) er ein amerikansk politisk kommentator og diplomat. Han var amerikansk ambassadør i Tyskland frå 2018 til 2020. I 2020 fungerte han som etterretningsdirektør (Director of National Intelligence) i Regjeringa Donald Trump frå februar til mai.[1] Han gjekk formelt av som ambassadør 1. juni 2020.[2][3][4]

Richard Grenell
Richard Grenell official photo.jpg
Fødd18. september 1966 (54 år)
Michigan
Statsborgar avUSA
PartiDet republikanske partiet i USA
Yrkediplomat, taleskriver, talsperson, politisk kommentator
Utdanna vedEvangel University
Harvard Kennedy School

Richard Grenell høyrer til Det republikanske partiet. Han har mastergrad i offentleg administrasjon frå John F. Kennedy School of Government ved Harvard University og bachelor i offentleg administrasjon frå Evangel University.[5] Han har tidlegare arbeidd ved Fox News.[6]

Grenell var pressetalsmann for ambassadøren for USA til FN frå 2001 til 2008. Han vart i 2017 utnemnd som ambassadøren for USA til Tyskland.[7][8]

I eit intervju med internettportalen Breitbart uttalte Grenell i 2017 at han ønskte å styrke konservative krefter i Europa. Stønaden skulle gå til politikarar som Sebastian Kurz, men ikkje Angela Merkel, som han meinte stod for ein mislukka innvandringspolitikk.[9]

KjelderEndra

  1. Haberman, Maggie; Barnes, Julian E. (19. februar 2020). «Trump Expected to Name Richard Grenell as Acting Head of Intelligence». The New York Times. Henta 19. februar 2020. 
  2. «US Ambassador to Germany Richard Grenell resigns». Deutsche Welle. 2. juni 2020. Henta 3. juni 2020. 
  3. «U.S. ambassador to Germany Grenell steps down». Reuters. 2. juni 2020. Henta 3. juni 2020. 
  4. «US ambassador to Germany resigns from post, deputy stands in». Associated Press. 2. juni 2020. Henta 3. juni 2020. 
  5. «About > Richard Grenell». web.archive.org. 10. januar 2016. Henta 11. august 2019. 
  6. «Richard Grenell». Fox News (engelsk). 11. august 2019. Henta 11. august 2019. 
  7. «Gay Bush Appointee Loses Appeal for Fair Treatment». www.advocate.com (engelsk). 27. september 2008. Henta 11. august 2019. 
  8. «Forty-Six Nominations Sent to the Senate Today | whitehouse.gov». web.archive.org. 13. september 2017. Henta 11. august 2019. 
  9. «US-Botschafter will Konservative in Europa unterstützen» (tysk). 4. juni 2018. Henta 11. august 2019.