Wiener Riesenrad, ofte berre kalla Riesenrad (Riesenrad er tysk for «kjempestort hjul», som er den nemninga som generelt vert nytta på tysk om pariserhjul), er eit pariserhjul som står ved inngangen til Wurstelprater, moroparken som ligg i den store offentlege parken Prater i Wien i Austerrike.

Wiener Riesenrad.
Risenrad
Detalj av Riesenrad

Risenrad var eit av dei tidlegaste bygde pariserhjula, oppført i 1897 for å feire at keisar Frans Josef I av Austerrike-Ungarn hadde vore regent i 50 år. Engelskmannen Walter Bassett konstruerte pariserhjulet med det britisk-amerikanske målesystem som grunnlag, og difor er tverrmålet på hjulet 200 fot, som er eit rundt tal innafor dette systemet, og som svarar til om lag 61 meter. Opphavleg hadde Risenrad 30 gondolar, men etter at det vart stygt skada under den andre verdskrigen, vart pariserhjulet berre bygd opp att med 15 gondolar. Men Risenrad er framleis ein av dei mest populære turistattraksjonane i Wien, og vert av mange rekna som sjølve bysymbolet.

Bakgrunnsstoff endre