Graben (frå tysk: «grav»), forkastingsgrøft, søkkegrop eller gravsenking er innan geologi eit område av jordskorpa som har sokke inn langs éi eller fleire forkastingar. Ein kan sjå ein graben i overflata som ei rift eller ei kløftforma forsenking og oppstår når eit kontinent sprekk opp, som til dømes i Riftdalen i Aust-Afrika, Rhinrifta, Bajkalrifta, Jordandalen med Daudehavet.

Normal forkastingssone (3), Horst (1) og Graben (2)

Eldre grabenar kan vere fylte med sedimentære avleiringar, som til dømes Vikingraben eller Sentralgraben i Nordsjøen.

Oslo-området ligg i ein graben frå permtida. Geologane kallar dette området Oslofeltet eller Oslograben. Oslofjorden mellom Slemmestad og Nesodden er òg ein graben. På Spitsbergen er den 120 km lange Wijdefjorden graven ut langs ein graben eller ei gravforkasting.

Kjelder endre

«graben» i Store norske leksikon, snl.no.