Riitta-Liisa Roponen

Riitta-Liisa Roponen, til 2006 Riitta-Liisa Lassila, (fødd 6. mai 1978) er ein finsk langrennar frå Haukipudas i Norra Österbotten, som i tida 2005-15 vann tre gull-, ein sølv- og to bronsemedaljar i ulike verdsmeisterskap på ski, samt ein OL-bronse. Alle sju medaljane kom i anten stafettevlingar eller lagsprintar.

Riitta-Liisa Roponen


Statsborgarskap Finland
Fødd 6. mai 1978 (45 år)
Haukipudas
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2014, Vinter-OL 2002, Langrenn under Vinter-OL 2010 – 4 x 5 kilometer stafett kvinner, Ski-VM 2003, Ski-VM 2005, Ski-VM 2007, Ski-VM 2009, Ski-VM 2011, Ski-VM 2013, Ski-VM 2015, Ski-VM 2021

Riitta-Liisa Roponen

Lassila tok sølv i lagsprinten saman med Pirjo Manninen under Ski-VM 2005 i Oberstdorf, knappe tre sekundar bak den norske duoen Hilde Gjermundshaug Pedersen og Marit Bjørgen. Vinteren 2007 vann ho sin einaste siger i eit individuelt verdscuprenn då ho i Rybinsk gjekk til topps i 15 km fellesstart. Ved verdsmeisterskapen 2007 i Sapporo vart ho verdsmeister på lagsprinten i par med Virpi Kuitunen, dei same to og Aino-Kaisa Saarinen og Pirjo Manninen vann også 4 x 5 km stafett. To år seinare forsvarte dei fire kvinnene VM-tittelen i stafett då verdsmeisterskapen på ski fann stad i Liberec. Sidan vann Roponen bronsemedaljar i 4 x 5 km stafett både i Vinter-OL 2010, VM 2011 og VM 2015, alltid med Roponen på tredje etappe. Femteplassen på 15 km i Sapporo-VM er hennar beste individuelle plassering ein internasjonal meisterskap.

Per 31. desember 2017 hadde Roponen sju (1-2-3) pallplasseringar i individuelle tevlingar i verdscupen i langrenn. Ho vart nummer seks i verdscupen 2007, hennar beste sesong.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre