Hilde Gjermundshaug Pedersen
Hilde Gjermundshaug Pedersen (fødd 8. november 1964), er ein norsk tidlegre langrennsløpar og skiorienterar, medlem i Nybygda IL. Ho vann to gullmedaljar i 4 x 5 km stafett for Noreg og fleire individuelle sølv- og bronsemedaljar i verdsmeisterskap og olympiske leikar.
Hilde Gjermundshaug Pedersen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. august 1964 (60 år) Hamar kommune |
Yrke | langrennsløpar, skiorienterer |
Høgd | 167 centimeter |
Langrenn og skiorientering
endreGjermundshaug debuterte i verdscupen i langrenn 3. mars 1984. Etter nokre års satsing på langrenn trappa ho ned, og konkurrerte i fleire år berre i skiorientering, der ho tok 7 individuelle NM-gull i løpet av åra 1994-98, og vart vinnar av verdscupen i 1997.
Langrenn
endreI langrenn gjorde Gjermundshaug Pedersen comeback i verdscupen i 1997. Ho gjekk på det norske stafettlaget som tok sølv under Lahti-VM i 2001.
I VM 2003 i Val di Fiemme vann Gjermundshaug Pedersen dei første individuelle VM-medaljane sine i langrenn. Det vart bronse både i sprinten og på den klassiske 10-kilometeren. I tillegg gjekk ho for det norske laget som tok bronsemedaljane på stafetten.
Under VM 2005 i Oberstdorf tok ho sin tredje VM-medalje på stafetten, denne gongen gull.
I estiske Otepää vann ho 10 km klassisk 7. januar 2006, og tok dermed sin aller første verdscupsiger i ein alder av 41 år. Under Ski-NM 2006 på Kongsberg tok Pedersen, saman med døtrene Eli og Ida, eit historisk NM-gull i stafett for Nybygda IL. Same år tok ho òg bronsemedaljen på 10 km klassisk i Torino.
Ymse
endreI 2002 vart Hilde Gjermundshaug Pedersen tildelt Egebergs ærespris for prestasjonane i skiorientering og langrenn.
Bakgrunnsstoff
endre- Resultatoversikt hos FIS Arkivert 2006-03-10 ved Wayback Machine.