Rikard Aslaksson Berge

norsk tradisjonsbærar

Rikard Aslaksson Berge (18151902) var ein framståande bonde og kulturberar, og ei tid ordførar, i Rauland i Telemark. Han var son av bonden Aslak Berge, og nest yngst av seks sysken. Dei fire eldste døydde i naudsåra 1808-1814, og berre Rikard A. Berge og søstera Anne A. Berge voks til.

Rikard Aslaksson Berge
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1815
Død

1902 (87 år)

Faren Aslak Berge, hadde spela fele, men mora Ingebjørg Rikardsdotter Rotjønn, førte med seg den religiøse arven etter Hans Nielsen Hauge, og Aslak la bort fela. Rikard lærte mykje av gamlefar på garden, Ånund Berge (1853-1836) som levde til Rikard A. Berge var 21 år gamal.

Bergsingane var gåverike og musikalske, og det vart teke vare på mange gamle viser, folketonar og slåttar. Då Rikard A. Berge vart vaksen og tok over garden, sytte han for at spelemenn i bygda, særskild Myllarguten, fekk hjelp og stød, og Myllaren var støtt velkomen på Berge.

Det går mange soger om Rikard A. Berge. Han var forviten og oppteken av å skaffe seg solide kunnskapar. Difor fór han beinveges til Christiania i unge år, for å skaffe seg eit eksemplar av Grunnlova, og skal ha råka på Henrik Wergeland medan han var der. Seinare sette han seg inn i teologi og lærde seg tysk. Han var soleis den einaste på dei kantar som kunne prate med tyske turistar då dei kom oppetter dalen. Dei vart svært overraska over at nokon på dei kantar kunne tysk.

Rikard A. Berge tok òg mot Ivar Aasen då han var på samlarferd til Telemark i 1850-åra og utetter. Rikard A. Berge stod midt i enga og slo høy, vert det sagt, medan Aasen gjekk etter han og skreiv opp ord og uttrykk.

Rikard A. Berge gifte seg med syskenbarnet Sigrid Olavsdotter Gjore, og dei hadde seks born ihop: Torbjørg, Ingebjørg, Sigrid, Olav, Aslak og Aslaug. Døtrene tok alle vare på tonane etter far sin, og både Olav R. Berge og Aslak R. Berge vart spelemenn. Sigrid er mor til konservator og kvedaren Rikard Berge, medan Aslaug er mor til spelemannen Olav Groven og komponisten, forskaren og spelemannen Eivind Groven.

Då Rikard A. Berge døydde i 1902, var det yngstedottera Aslaug som sat attmed han og song dei visene ho hadde lærd av han, med yngstesonen Eivind på fanget.

I Telemark er han mest kjend som «Gamle-Rikard», for å halde han frå dei to dottersønene: konservator og kvedar Rikard Berge (1881-1969), og bonde og spelemannen Rikard Gøytil (1890-1969) som tok over Berge.

Litteratur endre

  • Norsk Visefugg 1904
  • Myllarguten-Gibøen 1932
  • Vinje og Rauland, bygdesoge i fire band, 1939, 1944, 1973, 1975
  • Festskrift til Eivind Groven 1971
  • «Den lange færda» artikkel om Ivar Aasen av Kjell Venås i tidsskriftet Apollon 1996