Rikets røst

(Omdirigert frå Rikets Røst)

Rikets røst er eit satirisk humorprogramTV 2 med komikar Otto Jespersen som programleiar.

Programmet tek opp samfunnsaktuelle problem, og har difor humor rundt blant anna nyhendesaker, minoritetar, trend og mote. Kvart program inneheld studioinnslag og reportasjar. Otto Jespersen oppsummerer den siste veka og gjer intervju med kjende personar i studio. Jesper Odelberg, Henrik Elvestad, Bodil og Sigrid Bonde Tusvik har laga reportasjar. Dei første sesongane var også Espen Eckbo med som sportskommentator og korrespondent. Zahid Ali deltok også i programmet.

Spire Denne medieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.