Sigrid Bonde Tusvik

norsk komikar og forfattar

Sigrid Bonde Tusvik (fødd 2. februar 1980) er ein norsk komikar og forfattar.

Sigrid Bonde Tusvik

Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. februar 1980 (44 år)
Oslo
Yrke komikar, standupkomikar, programleiar, podkastvert, faglitterær forfattar
Sigrid Bonde Tusvik på Commons
Blymandag i 2016
Foto: Tore Sætre

Familie

endre

Ho er oppvaksen på Nordstrand som dotter av lærebokforfattaren Elin Bonde og Sverre Tusvik, som var redaktør i Samlaget. Tusvik er gift med Martin Jøndahl.[1]

Etter å ha studert til tekstforfattar ved Westerdals School of Communication har ho vore skribent for både Stella og Dagsavisen.

Tusvik har sidan 2003 jobba med stand up-komikk. Ho var med i undergrunnshowet Blymandag der òg Else Kåss Furuseth, Henrik Thodesen, Odd-Magnus Williamson, Martin Beyer-Olsen og Morten Ramm var med. Dette har vore sett på som forløparen til TV-programmet Torsdag kveld fra Nydalen.[2]

Ho har vore reporter for Rikets Røst og var i 2010 programleiar i SMS-rulett, ein konkurranse mellom kjendisar på VGTV. Same år sende NRK serien Sigrid søker kjæreste der ho traff den komande ektemannen sin Martin Jøndahl. I 2011 var ho vikar for Henriette Steenstrup i Torsdag kveld fra Nydalen før ho i 2012 vart fast i programmet etter at Morten Ramm slutta.

Podcast

endre

11. oktober 2012 starta ho saman med komikarvenninna Lisa Tønne podcastprogrammet Tusvik & Tønne som dei skildrar slik: «Sigrid og Lisa er to altfor frittalende komikere. Ett sted må de få lov til å tømme seg, det er blitt til Tusvik & Tønnes podcast»[3]

Podcasten har fått kritikk for å hengja ut einskildmenneske, utan å måtta forhalda seg til Vær Varsom-plakaten, som redaktørstyrte medium følgjer.[4][5]

Mamma

endre

Hausten 2013 viste TV 2 Sigrid blir mamma, ein dokumentar i fire delar om Tusviks tid som gravid og spebarnsmor.

Ho fekk to prisar under Komiprisen 2015: prisen for årets kvinnelege scenekomiker for Mot i brøsta og publikumsprisen for årets morosamaste saman med Lisa Tønne. Ho var òg nominert i klassene årets kvinnelege TV-komiker og årets stand-up komiker.

I 2015 hadde Tusvik og Tønne både eit eige talkshow på TV 2 og show på Latter i Oslo kalla Tusvik og Tønne skammer seg. 2017 og 2018 opptredde ho med Tusvik & Tønne - På oppdragelsesreise.[6]

Bibliografi

endre

TV-opptredenar

endre
  • 2015: Tusvik & Tønne talkshow (TV 2)
  • 2015: Tørnquistklubben (TV 2)
  • 2014: Klippkompaniet (TV 2)
  • 2013: Sigrid blir mamma (TV 2)
  • 2011-2014: Torsdag kveld fra Nydalen (TV 2)
  • 2010: Sigrid søker kjæreste (NRK)
  • 2006: Rikets Røst (TV 2)

Kjelder

endre
  1. «Sigrid Bonde Tusvik ble mamma igjen». Henta 24. juli 2016. 
  2. «Sigrid Bonde Tusvik avslører bråk i «Torsdag kveld fra Nydalen»-kulissene». Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 8. november 2015. 
  3. «Tusvik & Tønne». Arkivert frå originalen 11. oktober 2015. Henta 8. november 2015. 
  4. Erle Marie Sørheim (30. januar 2019). «Ut mot podkast-stjerner: − I Tusvik og Tønnes verbale gapestokk». Henta 12. februar 2021. 
  5. Mads Fremstad (29. januar 2019). «Listhaug: – Mulig det gjelder andre regler for dem». TV 2. Arkivert frå originalen 17. juni 2021. Henta 13. september 2021. 
  6. «– Trodde ikke vi skulle vinne». Henta 8. november 2015. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Sigrid Bonde Tusvik