Ringnes er ei norsk bryggjeriverksemd. Ho tilhøyrer i dag Carlsberg og driv fleire bryggjeri i Noreg. I tillegg til eigne produkt sel Ringnes også Pepsi, Guinness, Tuborg og Carlsberg.

Eit utval Ringnes-produkt.

Bryggjeriet blei grunnlagt av brørne Ellef og Amund Ringnes saman med konsul Axel Heiberg i 1876. Øl blei først brygga på anlegget på Grünerløkka i Oslo i 1877.

Ringnes Bryggeri var i familieeihe fram til fusjonen De sammensluttede bryggerier, saman med dei andre Oslo-bryggjeria Frydenlund og Schou i 1978, då Nora Industrier overtok eigarskapen. I 2000 blei det gamle bryggjeriet i Oslos centrum avvikla. Ringnes tilhøyrde i ein kort periode Orkla, men blei teke over av Carlsberg i 2004.

Kjelder Endra

Bakgrunnsstoff Endra