Rio Mijares er ei elv i Spania, som spring ut i Sierra de Gúdar i kommunen El Castellar (provinsen Teruel). Ho oppstår der fleire elvar renn saman om lag 1600 meter over havet, og har ei lengd på 156 km.

Mijares
elv
Mijares i Villarreal.
Land  Spania
Nedslagsfelt 4 028 km²
Lengd 156 km
Middelvassføring 14,72 /s
Kjelde Sierra de Gúdar
 - høgd 1 600 moh.
Munning Middelhavet
Kart
Rio Mijares
39°54′31″N 0°00′44″W / 39.90862°N 0.01212°W / 39.90862; -0.01212
Wikimedia Commons: Mijares River

Elva munnar ut i Middelhavet og dannar ein slags lagune ved munningen som er om lag 90 meter brei. Elva har eit nedslagsfelt på 4028 km² og ei middelvassføring på 14,72 m³/s.

Mijares vert både nytta til vatning og til straumproduksjon. Fleire reservoar, med Arenosodammen (136,9 hm³) og Sichardammen (49,3 hm³) som dei største, er bygd for desse føremåla.

Kjelder endre