Risbotnvatnet
Risbotnvatnet (òg kalla Risbotsvatnet[1]) er eit vatn som ligg i Sogndal kommune. Vatnet er ein del av Risbotnelvi , som er ei grein av Gaularvassdraget. Det ligg i dalføret Risbotnen på Gaularfjellet, og har namnet sitt frå dalen.
Risbotnvatnet | |||
innsjø | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Sogndal | ||
Høgd over havet | 692 moh. | ||
Areal | 0,92 km² | ||
Koordinatar | 61°18′30.4″N 6°22′24.3″E / 61.308444°N 6.373417°E | ||
Risbotsvatnet 61°18′30″N 6°22′24″E / 61.308444°N 6.373417°E |
Ved øvste enden av vatnet ligg det støler som høyrer til gardar i Balestrand kommune. Det har vore strid mellom bønder i Balestrand og bønder i Viksdalen om eigedomane i dalføret.
Det er gode høve for fiske etter aure i Risbotnvatnet.
Referansar
endre- ↑ «Fakta om stedsnavn (Søk:Risbotnvatnet)». Kartverket. Henta 17. juni 2015.
Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.