Risten Sokki

norsk samisk forfattar

Risten Sokki (fødd 2. juli 1954) er ein samisk lyrikar og lærebokforfattar frå Kautokeino. Ho arbeider som lærar ved samisk vidaregåande skole og reindriftsskole i Kautokeino.

Risten Sokki
Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. juli 1954 (69 år)
Kautokeino kommune
Yrke skribent, lyrikar
Språk nordsamisk

Sokki har gjeve ut ei diktbok, ei novellesamling og ei barnebok. I tillegg har er ho representert i fleire litterære antologiar, og ho er medforfattar av tre lærebøker.

Ein av oldefedrane til Sokki var Aslak Jacobsen Hætta, som vart avretta som ein av leiarane for Kautokeino-opprøret i november 1852. Risten sine dikt gjenspeglar desse tapte slektsbanda.

Bibliografi endre

Skjønnlitteratur endre

  • Bonán bonán soga suonaid / Jeg tvinner tvinner slektas sener (dikt), 1996
  • Mu ártegis eallin / Mitt rare liv (barnebok) 2007

Undervisingslitteratur endre

  • Risten Sokki, Anne U. Dahl, Harald BerggreenLang: 1999 Lang, lang rekke: Lesebok, norsk for samiskspråklege elevar Solum forlag ISBN 978-82-560-1148-3
  • Risten Sokki, Anne U. Dahl, Harald Berggreen; Snipp, snapp snute Lesebok; norsk for samiskspråklege elevar Solum forlag 2000 ISBN 978-82-560-1242-8
  • Risten Sokki og Dahl: Lærerveiledning til norskverket: Elle melle mie; Lang, lang rekke; Snipp, snapp snute Norsk for samiskspråklege elevar Solum forlag 2002 ISBN 82-560-1382-6

Representert i endre

  • Cirkum polaris (nordnorsk antologi) 1997
  • Texere (antologi) 1998
  • Der veiene tar til (Barents-antologi) 1999
  • Nordnorsk temperament (diktantologi) 2001
  • Lothar Schneider (Hrsg.) Lappland (omsett til tysk) ISBN 3-85129-297-9

Bakgrunnsstoff endre