Solum Forlag

(Omdirigert frå Solum forlag)

Solum Forlag A/S var eit ubunde norsk bokforlag, skipa i 1973 av Knut Endre Solum, og hadde lokale på Skøyen i Oslo. Frå 2013 har forlaget vore ein del av forlagsgruppa BVT, som òg femnar om forlaga Bokvennen forlag AS , Vidarforlaget AS, Transit AS og Pandora forlag AS, og har no adressa Universitetsgata 14, 0164 Oslo. Vidarforlaget AS er eit frittståande selskap, medan dei andre forlaga er dotterselskap under Transit AS. Eigar er Gunnar R. Totland. Gruppa hadde ei tid sams internettbokhandel med namnet KULTBOK.

Solum/Bokvennen-forlaga har organisert bokutgjevingane etter sjangrar, slik at Solum Forlag skal gje ut omsett og norsk skjønnlitteratur, essaystikk, sakprosa, undervisningslitteraur og oppdragsutgjevingar. Vidarforlaget skal gje ut omsett og norsk filosofisk litteratur og sakprosa, det komplette romanverket av Jules Verne om dei ekstraordinære ferdene i norsk omsetjing, litteratur av og om Rudolf Steiner, og kulturtidsskriftet Personae. Transit skal gje ut norsk og omsett dramatikk, nyomsette barne- og ungdomsklassikarar i komplette utgåver, sakprosa og oppdragslitteratur, medan Pandora skal ta for seg massemarknadslitteratur og sjølvhjelpsbokserien Din egen advokat.

Soga til Solum Forlag endre

Solum forlag blei til som ei forlenging av kulturtidsskriftet Ergo, der både Stein Mehren og André Bjerke var flittige skribentar.

Solum Forlag AS har gjeve ut norsk og utanlandsk skjønnlitteratur. Forlaget har markert seg med ei brei satsing på klassisk russisk litteratur, og har mellom anna gjeve ut Fjodor Dostojevskij sine verk i samling. Dessutan har vitskapelege avhandlingar og verk på mange ulike språk vore ein stor part av produksjonen. Mange av disse bøkene vart distribuert internasjonalt ved hjelp av samarbeidspartnarar i Europa og USA.

Forlaget har lagt ned mykje arbeid i å gje ut litteratur som er særleg tilpassa folk som av ulike årsaker har vanskar med å lese, anten det er vaksne eller born, skuleelevar eller andre. Det har òg laga undervisningslitteratur som eit moderne Noreg treng i slike framande språk som somali, tyrkisk og urdu. Dessutan arbeidde forlaget stendig med å gje ut undervisningslitteratur i sørsamisk, både som fyrste- og andrespråk.

Solum Forlag AS stod òg ei tid, fram til 1. juli 2009, for drifta av det katolske St. Olav forlag, som deretter har drive forlagsverksemda sjølv frå lokale i Akersveien 5 i Oslo.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre