Roar Nilsen (fødd 28. august 1952) er ein norsk tidlegare skiskyttar frå Dombås. Han vann VM-sølv med Noreg i 1978, og vart norsk meister på 20 km i 1979.

Roar Nilsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. august 1952 (71 år)
Yrke idrettsutøvar

Aktiv endre

Nilsen deltok i alle tre øvingane då VM i skiskyting 1977 vart avvikla på Vingrom. Etter å ha vorte nummer 12 på 20 km, overraska han med å kome på sjetteplassen på 10 km, som beste nordmann. Dermed fekk han plass på stafettlaget som enda fjerdeplassen. Han fekk ein ny sjetteplass under VM i skiskyting i Hochfilzen året etter, men då på 20 km, landsmannen Odd Lirhus vart verdsmeister. I same meisterskapen kom Noreg inn til sølvmedalje på stafetten, langt etter DDR. Tor Svendsberget opna då for Noreg, før Nilsen og så Lirhus heldt fram, medan Sigleif Johansen avslutta. I sitt siste internasjonale meisterskap, VM 1979, vart Nilsen og Noreg atter nummer fire i ein VM-stafett.

Nilsen vann sin fyrste NM-medalje då han vart norsk meister 1979 på 20 km i Kristiansand, tre-og-eitt-halvt minutt føre Terje Krokstad. Året etter fekk Nilsen på Voss NM-sølv på 20 km og NM-bronse på 10 km. Han la opp etter 1983-sesongen.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar.