Dombås
Dombås er eit sokn og ein tettstad i Dovre kommune, nørdst i Gudbrandsdalen i Oppland i Innlandet fylke.
Dombås | |||
tettstad | |||
Dombås sett mot sør
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Kommune | Dovre | ||
Areal | 1,65 km² | ||
Folketal | 1 161 (2022) | ||
Folketettleik | 704 / km² | ||
Postnummer | 2660 DOMBÅS | ||
Preposisjon | på Dombås | ||
![]() Dombås | |||
Wikimedia Commons: Dombås | |||
Dombås sokn endre
Domåsgrendi og Blestergrendi høyrde opphavleg til Lesja sokn, men i 1861 blei dei overflytta til Dovre sokn[1]. Etter etableringa av jernbanen og den etterfølgjande folkeauken på Dombås kom ønske om eiga kyrkje og i 1939 blei Dombås kyrkje vigsla. I seinare år har Dombås også blitt utskilt frå Dovre som eit sokn for seg sjølv, med om lag 1 410 innbyggjarar (2013). Soknegrensa går omtrent langsmed Tungbekken og Hjellåi på høvesvis vestsida og austsida av Gudbrandsdalslågen.
Dombås tettstad endre
Tettstaden Dombås ligg like aust for Gudbrandsdalslågen, og er med sine 1 161 innbyggjarar per 1. januar 2017 den folkerikaste i kommunen. Han er eit trafikknutepunkt mellom Austlandet, Trøndelag og Vestlandet: Hovudårene mellom Oslo i sør og Trondheim i nord, E6 og Dovrebanen, blir her møtt av E136 og Raumabanen som kjem frå Romsdal i vest.
Tettstaden er opphavleg ein stasjonsby som voks fram etter at Dombås stasjon opna i 1913.
Folketalsutvikling i Vågåmo | ||||
---|---|---|---|---|
År | Innbyggjarar | |||
1920 | 225 | |||
1930 | 321 | |||
1946 | 419 | |||
1950 | 502 | |||
1960 | 664 | |||
1970 | 1 114 | |||
1980 | 1 176 | |||
1990 | 1 178 | |||
2000 | 1 014 | |||
2009 | 1 116 | |||
2012 | 1 185 | |||
Kjelder: |