Robbery Beaches
Robbery Beaches er strender som ligg langs nordsida av Byers Peninsula på Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis mellom Essex Point i vest og Nedelya Point i aust.
Robbery Beaches | |||
strand | |||
Plasseringa til Byers Peninsula, Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane.
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Livingston Island | ||
- koordinatar | 62°36′57.6″S 61°04′58.8″W / 62.616000°S 61.083000°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Robbery Beaches 62°36′58″S 61°04′59″W / 62.616°S 61.083°W | |||
Namnet «Robbery Beach» vart nytta av James Weddell i 1820-23. Det kom frå at engelskmennene stal selskinn samla inn av den amerikanske briggen «Charity» (tjuveri er robbery på engelsk). Det var hard konkurranse mellom britiske og amerikanske selfangarar i området tidleg i 1820-åra.
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Robbery Beaches» (innhald frå Geographic Names Information System).