Byers Peninsula
Byers Peninsula er ei stort sett isfri halvøy vest på Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane. Ho dekkjer 60 km²,[1] og omfattar den vesle innsjøen Basalt Lake. Området vart vitja tidleg på 1800-talet av amerikanske og British selfangarar som kom frå New England, New York og England. Dei dreiv ut frå President Beaches, Robbery Beaches og South Beaches og bygde bygningar og skur som framleis er bevarte ved Sealer Hill og Lair Point. Byers Peninsula er verna under Antarktistraktaten og ein må ha spesialløyve for å gå i land her.[2]
Byers Peninsula | |||
halvøy | |||
Plasseringa til Byers Peninsula, Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane.
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Sør-Shetlandsøyane | ||
- koordinatar | 62°38′S 61°05′W / 62.633°S 61.083°W | ||
Areal | 60 km² | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Byers Peninsula 62°38′00″S 61°05′00″W / 62.6333°S 61.0833°W | |||
Wikimedia Commons: Byers Peninsula |
Halvøya vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee i 1958 etter James Byers, ein skipseigar frå New York som i august 1820 prøvde å få USA til å grunnleggje ein busetnad på Sør-Shetlandsøyane og legge dei under seg. Han klarte ikkje dette. Byers organiserte og sendte ut ein flåte av amerikanske selfangarar frå New York til Sør-Shetlandsøyane i 1820–21.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Byers Peninsula» frå Wikipedia på engelsk, den 5. januar 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ L.L. Ivanov. Antarctic: Livingston Island and Greenwich, Robert, Snow and Smith Islands. Scale 1:120000 topographic map. Troyan: Manfred Wörner Foundation, 2009. ISBN 978-954-92032-6-4
- ↑ Management Plan for Antarctic Specially Protected Area No. 126 Byers Peninsula, Livingston Island, Sør-Shetlandsøyane. Arkivert 2010-07-06 ved Wayback Machine. SCAR Bulletin 150. July 2003.
- SCAR Composite Antarctic Gazetteer.
- Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Byers Peninsula» (innhald frå Geographic Names Information System).