Robert Greenidge (fødd 28. april 1950 i Success Village i Laventille i Trinidad) er ein steelpanspelar i USA og medlem av bandet til Jimmy Buffett, Coral Reefer Band og den instrumentale gruppa Club Trini.

Robert Greenidge
Fødd28. april 1950 (70 år)
FødestadLaventille
OpphavTrinidad og Tobago
Verka sommusikar, komponist

Greenidge spelte i 1970-åra med fleire kjende artistar, som Maurice White, Earth Wind and Fire, Harry Nilsson, John Lennon og Ringo Starr og spelte på «Beautiful Boy (Darling Boy)» frå albumet Double Fantasy. I 1982 spelte Greenidge med J.J. CaleGrasshopper.

Frå 1978 til 1983 spelte og turnerte han med bluesartisten Taj Mahal.

Utvald diskografiEndra

  • «Winelight» Grover Washington Jnr (1980 Elecktra)
  • Taj Mahal, Music Fuh Ya' (Musica Para Tu)
  • Mad Music — Robert Greenidge og Michael Utley (1986; MCA)
  • Jubilee — Robert Greenidge og Michael Utley (1987; MCA 42045)
  • Heat — Robert Greenidge og Michael Utley (1988; MCA)
  • Margaritaville Cafe: Late Night Menu — forskjellige artistar (1993; Margaritaville)
  • Caribbean Paradise — Dennis Desouza (1994; Wirl)
  • It's Christmas Mon! Steel Pan Music Christmas — Robert Greenidge (1995; Intersound 3529)
  • Club Trini — Greenidge/Utley - Club Trini (1996; Margaritaville 531041)
  • Back in Town — Greenidge/Utley - Club Trini (1999; Club Trini Records)
  • Margaritaville Cafe: Late Night Live — Club Trini (2000)
  • From the Heart — Greenidge/Utley — Club Trini (2003)

«A Coral Reefer Christmas» – Robert Greenidge (2010)

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra