Robert Høneren Johansson (fødd 23. mars 1990) er ein norsk skihoppar frå Lillehammer som vann bronsemedaljen i normalbakkerennet under Vinter-OL 2018 og vann VM-gull i laghopping i skiflyging same sesongen. Han er medlem i Søre Ål Idrettslag.

Robert Johansson
20190301 Seefeld SJ 8596.jpg
Fødd 23. mars 1990
Lillehammer
Yrke skihoppar
Robert Johansson på Commons

AktivEndra

Johansson debuterte i verdscupen i skihopping 29. november 2013 Kuusamo. Fyrst i 2017-sesongen nådde han internasjonalt nivå, då han som best kom på andreplass i Innsbruck den 4. januar, hans hittil (februar 2018) einaste pallplassering i ei individuell verdscuptevling. Den 18. mars 2017 forbetra Johansson verdsrekorden i skiflyging til 252 meter under verdscuprennet i laghopping i Vikersundbakken. Rekorden vart ståande i einast ein halv time, ettersom Stefan Kraft frå Austerrike landa på 253,5 meter i den andre omgangen. Nøyaktig ei veke seinare sette Johansson bakkerekord i Planica med 250 meter og vart fyrstemann over 250 m i to ulike hoppbakkar.

I lag med Andreas Stjernen, Johann André Forfang og Daniel-André Tande utgjorde Johansson det norske laget som tok gull i lagtevlinga under VM i skiflyging 2018 i Oberstdorf. Tre veker etter kneip han bronsemedaljen i normalbakken då Vinter-OL 2018 tok til i Pyeongchang, slått einast av verdsmeister Andreas Wellinger frå Tyskland og sin eigen landsmann Forfang.

KjelderEndra