Opna hovudmenyen

Johann André Forfang (fødd 4. juli 1995) er ein norsk skihoppar frå Tromsø som vart olympisk meister i laghopping under Vinter-OL 2018 i Pyeongchang og sølvmedaljen i normalbakken i dei same leikane. Han er medlem i Tromsø Skiklubb og yngre bror til Daniel Forfang.

Johann André Forfang
2017-10-03 FIS SGP 2017 Klingenthal Siegerehrung Pressekonferenz Johann André Forfang 001.jpg
Fødd 4. juli 1995
Tromsø
Yrke skihoppar
Johann André Forfang på Commons

AktivEndra

Johann André Forfang vart juniorverdsmeister 2015 i normalbakke i Almaty. Han fekk seg sin fyrste pallplass i verdscupen då han i skiflygingstevlinga i Vikersund 15. februar 2015 vart tredjemann. Under VM i skiflyging 2016 i Bad Mitterndorf var han med på det norske firemannslaget som var heilt suverene i lagtevlinga og vart såleis verdsmeister saman med Anders Fannemel, Daniel-André Tande og Kenneth Gangnes. Den 12. mars 2016 vann han sin fyrste og pr februar 2018 einaste verdscupsiger då han sigra i eit renn i tyske Titisee-Neustadt. Under Ski-VM 2017 sikra han og tre lagkameratar sølv i lagtevlinga, individuelt vart han nummer sju i normalbakken.

Vinteren 2018 var Forfang med då Noreg forsvarte VM-tittelen i lagtevlinga under skiflygings-VM 2018 i Oberstdorf, dei andre på laget vart Robert Johansson, Andreas Stjernen og førnemnde Tande. Under dei olympiske vinterleikane 2018 i Sør-Korea hoppa Forfang til sølv i normalbakkerennet, vel 8 poeng bakom tyske Andreas Wellinger. Sidan deltok han på det norske firmannslaget som vann OL-gull i laghoppinga, nemnde Tande, Stjernen og Johansson var dei andre på laget.

KjelderEndra